|
Foto og tekst: Martin Kyte
Snø og vind hindra ikkje at mange friske ungdommar tok turen på Myra øverst i Bavallen denne kvelden.
Fotografen var utstyrt med kamera som toler ruskevær, men det hjelpte ikkje mykje med tanke på korleis bilderesultatet vart -- :-(
Byrjar med løypa før alle portane var på plass, ser ikkje så verst ut dette :-)
Den første som vart tatt bilde av var heimesidesnikkaren ( webmaster ) til www.supercupen.com
Løypegjengen i arbeid. Som De ser så er det mange som har interesse av korleis stauren vert satt opp.
Staurbærar.
Kveldens løypesjef til høgre samt staurskruaren til venstre.
Bak løypegjengen kjem dei som studerer løypa før start. Dei som har greie på dette meiner at det er ein stor fordel å vera litt kjent med løypa på førehand :-))
Myraheisen er god å ha for transport opp til start. Sparer mykje tid og krefter på dette -- :-))
Startkøen, ein triveleg samlingsplass for diskusjon av utstyr samt andre lokale utfordringer :-))
Ein av gutane i startkøen ( bildet under ) har nett feira stor dag. Til dei som undrast på kvar dei har sett denne guten før så kan det opplysast at han driv med høgdetrening langs Bergensbanen i sommarhalvåret :-)
Generalen passer på starten først i kveld, ein helst kald opplevelse :-)
Mange deltok i tidtaking ved mål. Med to sett klokker gjekk gjennomføringa av rennet utruleg fort.
Løypesjefen denne kvelden er komme til mål og er jublande glad for at han kom feilfritt gjennom løypa :-))
Så ein del stilstudie av løparar i løypa. Diverre ikkje lett å sjå kven alle er, prøver å skulda litt på værgudane :-))
-----
-----
------
-----
-----
-----
Løparbildet under er naturleg sladda i henhold til lov om eit eller anna -- :-)
Avsluttar med målpassering. Som De ser så har løparen under det helst travelt med å komma over målstreken :-)) Takk for ein fin kveld i skibakken! ************************* takk til fotograf Martin Melding frå Juryen:
|
Innhald og form: ludopil design drift: nettstyrar Denne sida er sist oppdatert den 21.07.2010 |