Høgfjellskameratanes SuperCup

 

 

30. Sesong - år 2005

Fotoalbum 30.sesong 2005

klikk s0517.jpg (69429 byte) klikk klikk klikk
Renn 2 Renn 1 og 3 Renn 4 Skiseksa Renn 5 Renn 6 Renn 7 Renn 8 Renn 9

 

Rennresultat samanlagt 2005

Renn 1

Renn 2 Renn 3 Renn 4 Renn 5 Renn 6 Renn 7 Renn 8

 

UROA IKKJE TIDTAKARANE!
Me har gledeleg mange løparar i kvart renn, og køyrer difor
to løparar samstundes.  Dette krev full konsentrasjon i mål.  Forvetne løparar kan bli straffa for å uroa tidtakarane.
Iflg. Statuttane kan dette føra til at desse ikkje vil få dessert under Årsfesten!

 

Knut - ny General i SuperCupen 2005 og kva blir det neste?

Hallstein
staurmann

Avisa Hordaland kjem med reportasje i Vintermagasinet midt i februar.

Velkomen til SuperCupen 2005!

Knut Kettermann

Som fyste utlending til å stå ved roret
vil eg få koma med fyste (og vonleg) siste ordet
Sukkerbitane og tausna, det er for få
fleire smukke damer me ropar på.
Borna er mange og dei treng pass
i varmestova me for dei har plass.
So vonar generalen alle blir med og skrir
samt heie og ropa og ellers laga liv.

 

Alle er velkomne!

Løypene har alltid vore lagt slik at dei høver både for koffertkøyrarar og for meir vidarekomne. Slalåmrenna har me på det flate partiet oppe på Myra i Bavallen og storslalåm og fartsrenn i Traastølsløypa sitt midtparti, eit fartsrenn i Myrkdalen og jubileumsrenn til sesongslutt.

Me har med alt frå WorldCup-stjerner og OL-deltakarar - tidlegare topp-alpinistar som satsar hardt for å tukte ein gamal konkurrent, til dei som ser som viktigast å slå naboen.  Krav til utstyr må du avgjera sjølv, me har løparar som konsekvent køyrer på snjobrett. Stadig fleire av oss har skjøna verdien av å ta vare på vårt gode humør, så bruk av hjelm kan vera eit velmeint råd.

Som SuperCupar kan du få gode tips og læra deg god skiteknikk, og slik også få langt meir utbyte av sundagskøyringa.

For mange av oss er kveldsrenna på Myra eit høgdepunkt.  Siste kveldsrennet vert avslutta med gløgg i bakken og etterpå samlast me til god gamaldags skiseksa (fest).  

Etter sesongslutt har me sjølvsagt høgtidleg premieutdeling og Årsfest.

 

TERMINLISTE 2005

DAG DATO START DISIPLIN STAD
fredag 07. januar 18.30 slalåm Myra
fredag 14. januar 18.30 slalåm Myra
fredag 21. januar 18.30 slalåm Myra
fredag 28. januar 18.30 slalåm Myra
laurdag 05. februar 15.30 fartsrenn Tråstølen
sundag 06. februar 15.30 storslalåm Ondrahaugen
laurdag 05. mars 15.30 fartsrenn Tråstølen
laurdag 12. mars 15.30 parallellslalåm Myra
laurdag 09.april jubileumsrenn Slettafjellet ?

Jubileumsrennet er ikkje teljande i cupen.

Skiseksa i Varmestova etter kveldsrennet fredag 28.januar
Etter-ski samling i Bavallstunet etter renn 8 - 12.mars
Årsfest med premieutdeling laurdag  9.april
Ved rennoppsett er det teke omsyn til:
Vinterferie, påskeferie, Veteran-NM og alle større renn i Bavallen.
 
Samrøystes vedteke på Generalforsamling den 22. november 2004
Direksjonen tek atterhald om endringar pga. vêr og føre - sjå lysingar i Hordaland torsdag før renndagen eller på internett-sidene våre.
Renn-resultat vert lagt ut på heimesidene, og papirversjonen kan du få hjå Tor-Håvard hjå HMV Bilsenter AS.

 

Statuttar 30. sesong - 2005

1.
Kvinner som er over 25 år og menn over 30 år, og som er fast- eller fritidsbuande på Voss –
kan delta.  Direksjonen kan setja grenser for deltakartalet.
2.
Høgfjellskameratane’s SuperCup er ikkje tilslutta noko ski- eller særforbund.
Dei einskilde deltakarane startar på eige ansvar.
3.
KLASSEINNDELING:  Alder pr. 1.januar 2005
 
Kvinner:
25 – 34 år
Sukkerbitane
 
 
35 – 44 år
Tausna
 
 
45 - 54 år
Damona
 
 
55 - og oppover
Aller Besto
 
Menn:
30 – 39 år
Den Harde Kjerne
 
 
40 – 49 år
Super Menn
 
 
50 – 59 år
Grand Old Menn
60 – oppover
Grand Old Super Menn
 
Gjesteklasse: kvinner
 
menn
4.
Det vert skipa til 8 renn, der dei 4 beste er teljande.
5.
Dersom det er praktisk mogleg vert det køyrt 2 omgangar i slalåm, ein omgang i storslalåm og fartsrenn.  1. plass gjev 25 poeng, 2. plass 24 poeng osb.
6.
Kveldsrenna er lagt til fredagar, dagsrenn til laurdag / sundag.
Starttid for kvelds-renna er kl. 18.30 og dagsrenna kl. 15.30.
Renna vert kunngjort med lysing i "Hordaland" torsdag før renndagen.
7.
Løparane startar i den rekkefylgja dei kjem til start, utan omsyn til startnummer,
alder eller kjønn.  Funksjonærar / medhjelparar har rett til å snika i køen.
8.
Til kvart renn vert det teke ut ein løypesetjar og 3 medhjelparar som er ansvarleg
for at løypene er klare til fastsett tid.  Alle deltakarar må hjelpa til med arrangementet
 - så som tidtaking, skriving og transport av staur.
9.
Startkontingent kan betalast på to alternative måtar:
 
1.  Bankgiro kr. 350,- for heile sesongen – betalingsfrist 28. januar 2005.
2.  Kr.100,- pr. renn for dei av deltakarane som ikkje har betalt giro innan fristens utløp.
10.
Startnummer vert utlevert ved frammøte til start og skal leverast inn att etter siste rennet.
 
Statuttar vedteke på Generalforsamlinga den 22.november 2004 på Jarl Hotel - like ved Brukiosken

 

Direksjonen for den 30. sesong   2005
general 				Knut Kettermann
avtroppande general 		Nils O. Akselberg
livsvarig medlem av 1.styremøte 	Hallstein Finne
styremedlem 			Brynjulf Ringheim
styremedlem 			Arnstein Haugum
kasserar 			Inger Johanne Seim
festsjef 				Stig Hernes
resultat og heimesider 		Stein Oddvar Hanto
revisor 				Jan Arveschoug

 

Generalforsamling 2004 - like ved Brukiosken.
Borstrendingen Knut er ny General for 2005.
 
Desse møtte:  Lars T. Traa og dei hine
Ikkje frammøtt:  Røkla 
(Kjell Superstartar har lova melding frå heimen om gyldig forfall).

 

Startside 35 sesong 34 sesong 33 sesong 32 sesong 31 sesong 30 sesong 29 sesong 28 sesong Bytebua Lagore Meldingsboka 27 sesong 26 sesong 25 sesong Fotoalbum

Innhald og form: ludopil design    drift: nettstyrar          Denne sida er sist oppdatert den 05.01.2006