Høgfjellskameratanes SuperCup

 

 

Generalforsamling 2001

6 Generalar og 6 aktive - frå Sukkerbit til Grand Old Super Men

(Like ved Brukiosken den 8. november 2001.  foto:  den siste kameraten)

Referat generalforsamling  8. november 2001.

1.       Innkalling til generalforsamling godkjent.

2.       Årsmelding for 2001 godkjent uten merknader.

3.       Rekneskap for 2001 godkjent med ein liten merknad:

Premieutgifter for sesongane 2000 og 2001 er utgiftsførte på sesong 2001.

Merknad:  Inntekter og utgifter bør fylgje ”sesongen ” og ikkje overførast.

4.       Val. Desse vart valde inn i Direksjonen for sesong 2002:

Arnstein Haugum      - general

Marianne Sværen     - avtroppande general     

Hallstein Finne          - livsvarig medlem av 1.styremøte     

Kjersti Vik               - styremedlem

Brynjulf Ringheim     - styremedlem

Tor-Håvard Brekke - kasserar     

Anita Lirhus             - festsjef 

Stein Hanto              - resultat og heimesider 

Jan Arveschoug        - revisor 

5.       Innkomne framlegg.

Framlegg til nye namn på dameklassane blei lagt fram:

Aller Besto vert endra til         - Grand old laydies

Damona vert endra til             - Grand laydies

Tausna vert endra til               - Laydies

Sukkerbetane vert endra til     - Dei unge lovande

Sett i samsvar med klasseinndelinga til karane verkar dette framlegget logisk og velmeint.

Det kom gode innspel frå salen både for og mot framlegget. Særleg blei den finurlege ”miksen” med blanda språk gjenstand for debatt. Direksjonen tek ansvar i saka og set namnedebatten på dagsorden på komande direksjonsmøte.

6.       Statuttane vart godkjent med desse endringane.

·         Alle renn på dagtid startar kl. 15.00

·         Kontingent for hele sesongen vert sett til Kr. 290,-

·         Startkontingent for einskilde renn vert sett til Kr. 75,- ( for deltakarane som ikkje har betalt giro innan  tidsfristen)

7.  Terminliste 2002 drøfta og vedteke - sjå eiga side

Ymse:

Loddsal.

                Loddsal svarar seg økonomisk. Problemet er at sjølve loddtrekninga kan ta noko lang tid og difor opplevast som ein aldri så liten ”nedtur” på feststemte høgfjellskameratar. Det blei ikkje fatta noko vedtak, men framlegg om høgare pris på lodda og "større" vinstar kan om mogleg korte ned tida på seansen.

Heimeside og lagringskapasitet.

                Etter to sesongar har vi utnytta våre 30Mb og kapasiteten på serveren må justerast opp. Dette vil gje ein årleg meirkostnad på omlag kr. 400,-  Budsjettposten for heimesider bør difor bli oppjustert til kr. 3000,- pr. år. 

                Enstemmig vedteke.

Kulturhistorie.

                Supercupen har i alle år dokumentert aktivitetar frå renn og festlege samkome. Desse kulturhistoriske minna er festa til ulike media som film, slides og foto. Problemet er at desse er spreidd utover bygda og burde difor samlast og arkiverast. Direksjonen set dette på dagsorden og set som mål å nøste opp og få samla kulturhistorien. 

referent:   Marianne og Arnstein

 

Innhald og form: ludopil design    drift: webmaster          Denne sida er sist oppdatert den 03.11.2004