|
Renn 1 og 3 på Myra fredag 19 februar 2007
Mykje bilder nedover her, byrjar med løypa på Myra --- ser det ikkje fint ut -- ?
Utdeling av startnummer i Runebu ( vert litt meir konkurranseinstinkt i oss når me har nummer på oss --- )
Så er det snart klart for start. Startkø er "halve supercupen", dvs mykje morro :-) Kan gjerne ikkje sei at det vert løyst verdensproblem i denne køen, men alle psykiske problem med portpassering, smørning, lange eller korte ski, mykje eller lite innsving og til slutt naboen som skal verta slått denne gongen -- :-)) 65 deltakarar hadde funne vegen til start denne kvelden.
Nokre frå klassen "Grand Old Menn" og ein som er komme opp i klassen "Grand Old Super Menn"
Klasse "Aller Besto".
Fleire i klassen "Grand Old Super Menn".
Meir startkø.
----
----
-----
General Frode - 007 ynskte velkommen og starta sesongen.
Superstartar Kjell.
I målområdet gjekk det unna denne kvelden med mange stoppeklokker.
Ny løype oppsett til renn 3 ( det som normalt skulle vore 2.dre omgang ), og under løypestikkarane.
Superskruar Terje i aksjon.
Så er det klart for stil-studie på mange bilder nedover. Diverre så slit fotografen ( underteikna ) med bruken av alle innstillingane på fotoapparatet i kveldslys og løparar som har dårleg tid ----:-)
----
----
---
-----
-----
----
----
Her var det ein som hadde det svært travelt med å komma til mål --- :-)
Så til siste løpar i løypa, og dette er noko underteikna vil tru aldri har skjedd før -- ? Vart problem med startutstyr ( radioer ) og da vart mobilteknologi redninga. Så siste løpar starta seg sjølv og heldt stoppeklokkegjengen i målområdet orientert heile tida om portpasseringer, mellomtider osv. Til Dykk som har gode auger så ser De mobiltelefonen festa under hjelmen på venstre side.
Korleis dette gjekk ?? Kommentator Nils i rolla som "Lillelien i farta" vart nok litt ivrig i "radioapparatet" --- :-))) Men han kom i mål og fekk poeng --- :-)
Så noko som er av svært stor interesse --- resultatlista. "Har eg slått naboen no -- ? "
Avsluttar med årsaka til at underteikna slit med å komma i mål like fort som mange av dei andre ----:-))) Er godt å ha noko å skulda på når løypa ser slik ut etter dagens renn ---- :-)) Takk til Martin for fotoreportasje. |
Innhald og form: ludopil design drift: nettstyrar Denne sida er sist oppdatert den 21.07.2010 |