Askepott
Her har me lagra diverse frå heimesidene i år 2000 - med Jon
Aske som General.
Tor-Håvard har ikkje att av
Jubileumsgensarane i storleik XL.
Me
takkar sponsoren for støtte !

Ullfrotté er
anbefalt av Distriktsveterinæren på Voss - det er enno ikkje påvist
jurbetennelse på sau som har bruka Ullfrotté frå IRIS !
helsing Ola
Skjelde
|
Melding frå Nordfjelli
Grunneigarlag (og ulven !).
Reinsdyra vart stadig observert i
området i vinterferien. Me minner om oppmodinga frå formann i
Nordfjelli Grunneigarlag - om å ikkje gje dyra appelsinar, dette kan gje
usmak på Joikakakene.
Ulven er betinga optimist sidan me no har fått ny
Landbruksminister frå AP.
ny link - legg inn som favoritt:
 |
- Melding
frå jubileums-
- nemnda
Nemnda
er i fullt arbeid
-

med innsamling av stoff frå farne
tider. Me har eindel skriftleg materiale, men ynskjer oss
også foto. Me etterlyser også video-opptak og evt.
filmar.
Ta
kontakt med Gjertrud, Bjarne eller Terje
|
|
Start
nr.128 køyrer sitt siste renn ??

Sportsredaksjonen har no fått stadfesta at
Morten i Team K2.no - komande laurdag truleg køyrer sitt siste
SuperCup-renn. Morten starta si idrottskarriere på
skeisebana. Han flyttar no til Kristiansand, skal
kjøpa seg båt og vil difor ikkje lenger stå på skjeret.
Familien tek gjerne imot alle SuperCuparar som vil ha seg ei
veke eller to på Sørlandet i sommarferien.
|
|
Heimesida
melde tidlegare at ulven var sett på Vangen. Det korrekte
skal vera at Ulvund er sett i Vangsgata. Redaksjonen
seier seg lei for mistydinga.
|
|
|

|
klikk på foto
for å lesa om saka og ta gjerne del i debatten med dine
meiningar i Gjesteboka.
|
Desse
sidene er laga for vaksen idrottsungdom over 25/30 år. Dersom du ikkje er gamal nok, må du spørja mor eller far om du har lov til
dette. Og om mor eller far ikkje er heime når du kjem frå
skulen, er det nok best at du klikkar her: 
|
|
Vel møtt til SuperCupen 2000 !
|
Ja, du som har tenkt på,
at, kanskje, men -,
No har du høvet til prøva
eit renn.
So møt opp i bakken og meld
deg på.
Du vil aldri angra, men
lukka få!
|

|
|
Jon Aske - General |
Høgfjellskameratanes
SuperCup
Tenk, det er gått
25 år sidan vår livsvarige styremedlem Hallstein Finne og dåverande
lensmannsdreng Edvard B. Hegbom fekk ideen om Høgfjellskameratanes
SuperCup.
SuperCupen har gjennom desse åra samla mange gjeve
vossingar, og nokre utbygdingar, til ærleg kappestrid og sosialt
fellesskap (les moro på ski.) Dei fyrste åra var det både
langrenn og alpint, medan me no berre har alpine greiner.
Deltakinga har vore varierande - frå 107 startande i
1994 - og etter nokre dårlege snøvintar - var me sist vinter oppe
igjen i 70 løparar. Eldste deltakar sist sesong vart
Noregsmeister i slalåm og utfor i Åndalsnes i 1940 - Alf Opheim sr.
|

|